VEDTEKTER FOR SØRBØVÅG BÅTLAG.
(Ajourført etter årsmøtet 03.03.2024)


§ 1 Namn

Laget sitt namn er Sørbøvåg Båtlag. Laget er tilslutta Kongeleg Norsk Båtforbund, region vest.
Laget sin heimstad er, 6958 Sørbøvåg i Hyllestad kommune.

§ 2 Formål

Laget sitt føremål er å fremje dei individuelle og samla båtliv interessene på vegne av medlemmane og ålmenta ved å :

1. Verke for å etablere og stå føre drifta av fritids båthamner.
2. Verke for å utbreie fritids-båtlivet som rekreasjon og kystkultur.
3. Verke for å spreie kunnskap om sjøvett, tryggleik, kystkultur og maritimt miljøvern.
4. Ivareta medlemmane og ålmenta sine interesser og rettar til bruk av skjergarden, sjøen og havet som rekreasjonsområde og til privat fritidsbasert utnytting.
5. Samarbeide med så vel andre private organisasjonar som med offentlege styresmakter for å fremje båtlivet og båtfolket sine interesser.

Føremålet til laget er ikkje økonomisk, og eventuelle overskot på økonomiske aktivitetar kan, i den grad dei ikkje vert avsett til framtidig oppfylling av føremålet til laget, berre disponerast utanfor laget til tilsvarande føremål i regi av KNBF eller andre båtlag som er tilknytt KNBF, og som er registrerte i Frivilligregisteret.

§ 3 Medlemskap og ansiennitet

Ein kvar båtinteressert som vil arbeide for laget sitt føremål, kan opptakast som medlem.
Medlemskap skjer ved skriftleg innmelding og utmelding.

Utmelding må vere laget i hende innan utgangen av året.

Ansiennitet begynner å gjelde frå den dato årskontingenten er bokført konto og opp-høyrer den datoen skriftleg utmelding er mottatt. Det skal førast register og ansiennitetslister over laget sine medlemmar.

§ 4 Eksklusjon

Medlem som ved åtferda si verkar støytande og forargeleg, verkar til skade for båtlaget eller forbundet sitt merke, standart eller flagg, eller ikkje rettar seg etter laget sine vedtekter eller reglar, kan ekskluderast, etter at det er gitt varsel. Eksklusjonen kan ankast inn for årsmøtet. Årsmøtet si avgjerd er endeleg, og kan ikkje overprøvast.

§ 5 Årskontingent

Årskontingenten vert fastsett av årsmøtet med vanleg fleirtal og følgjer kalenderåret. Han forfell til betaling 30 dagar etter at årsmøtet er halde. Overskrid ein fristen, kan styret , etter gitt varsel, stryke vedkommande som medlem, og tilvist båtplass kan verte ført attende til båtlaget.

§ 6 Rekneskap

Det skal førast rekneskap over alle inntekter og utgifter som laget har. Det skal leggast fram revidert og godkjend rekneskap for årsmøtet.

§ 7 Årsmøte

Årsmøtet er laget sitt øvste organ og skal kvart år haldast innan utgangen av februar månad. Medlemmane vert innkalla med 14 dagars varsel ved skriftleg innkalling til kvar einskild medlem, og med opplysning om kva saker som står på dagsorden. Styret sine framlegg til avgjerd av dei årsmøtesakene som ikkje gjeld val, skal følgje innkallinga. Saker som medlemmane vil ha handsama på årsmøtet, må fremjast skriftleg og vere styret i hende innan 15.januar same året.

Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje står på sakslista.

Det ordinære årsmøtet skal handsame følgjande saker:


1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av møteleiar.
3. Val av 2 medlemmar til å skrive under protokollen.
4. Møteleiaren skriv opp frammøtte medlemmar og kontrollerer at alle har gyldig medlemskap.
5. Årsmelding frå styret.
6. Rekneskap.
7. Fastsetting av godtgjersle til leiaren.
8. Fastsetting av godtgjersle til kasseraren.
9. Fastsetting av godtgjersle til tilsynsperson.
10. Fastsetting av årskontingenten.
11. Fastsetting av båtplass satsar for inneverande år.
12. Fastsetting av utleige satsar for båtplassar.
13. Fastsetting av godtgjersle til båtlaget for innkreving og formidling av båtplassleige.
14. Fastsetting av time satsar for dugnad.
15. Fastsetting av satsar på leige av slip, traktorhjelp og båthengar for inneverande år.
16. Val av leiar. Leiaren vert vald ved særskild val for eitt år.
17. Val av styre- og vara medlemmar. Dei vert valde for 2 år, likevel slik at der er 2 styremedlemmar på val kvart år.
18. Val av valnemnd. Valnemnda skal bestå av 2 medlemmar og velgjast for 2 år om gangen.
19. Val av revisor. Det skal vere 2 revisorar som vert valde for 2 år, likevel slik at 1 er på val kvart år.
20. Val av eventuelle særnemnder, komitear, tillitsmedlemmar eller representantar til KNBF sitt båtting og regions årsmøte.
21. Eventuelle framlegg til endring av laget sine vedtekter. Vedtak krev 2/3 fleirtal.
22. Eventuelle framlegg om å melde laget inn eller ut av andre lag/organisasjonar. Vedtak krev 2/3 fleirtal.
23. Eventuelle andre framlegg til saker som ein vil at årsmøte skal ta stilling til.
24. Budsjett.

Årsmøtet er vedtaksført når det er innkalla i samsvar med ovanståande. Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal med mindre vedtektene seier noko anna. Ved stemmelikskap reknar ein eit framlegg som forkasta.

For å bli vald må ein kandidat ha minst halvparten av røystene ( vanleg fleirtal). Dersom ikkje held ein bunde omval mellom dei 2 kandidatane som har oppnådd flest stemmer.

§ 8 Ekstraordinært årsmøte

Styret kan når det finn det naudsynt, og skal, når minst 1/5 av medlemmane krev det, kalle inn til
ekstraordinært årsmøte. Innkalling skal sendast på same måte som til ordinært årsmøte.

§ 9 Styret

Båtlaget vert leia av eit styre som består av leiar og 4 styremedlemmar. Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar, sekretær og styremedlem.

Styret har det administrative myndet, representerer laget, syter for den daglege drifta, kallar saman til møte og ivareteke økonomien og laget sitt tarv elles. Styret kallar inn til dugnader og oppnemner komitear og utval som er nødvendige for å løyse bestemte oppgåver, med mindre desse vert valde av årsmøtet.

Styret bestemmer, i samarbeid med dei arrangerande komiteane, når, kvar og innan kva rammer dei ulike arrangementa i regi av laget skal haldast. Styret held møte så ofte det finn det naudsynt, og skal legge melding om laget si verksemd og revidert rekneskap og budsjett fram for årsmøtet.

Styret skal komme med framlegg til vedtak i alle saker som skal handsamast av årsmøtet, og som ikkje har med val å gjere.

Styret er vedtaksført når eit fleirtal av medlemmane er til stades. Leiar og ein av medlemmane forpliktar laget med sin signatur.


§ 10 Nemder/særnemder

Nemndene skal innan 15. januar levere sin årlege rapport til styret som tek rapportane med i årsmeldinga si.

Valnemnda leverer innstillinga si til årsmøtet gjennom styret.

§ 11 Medlemskap i andre lag/organisasjonar

Framlegg om inn- eller utmelding i andre lag og organisasjonar skal handsamast av årsmøtet. Vedtak krev 2/3 fleirtal.

§ 12 Endring av vedtektene

Framlegg om endringane av vedtektene skal handsamast av årsmøtet. Vedtak krev 2/3 fleirtal.

§ 13 Dugnad

Styret kan pålegge medlemmane dugnad. Det skal førast timeliste over kvar einskild medlem sin
dugnadsinnsats. Styret skal fordele dugnaden med mogeleg likt på medlemmane.

§ 14 Overdragelse av båtplass.

Overdraging av båtplass skal skje ved å vende seg til styret. Styret skal handsame saka så
snart som mogeleg, og seinast innan 14 dagar. Tildeling av båtplass skal skje etter reglane i vedtektene § 15.

Overdragelsen skal vere i hen hold til den årsmøtet har fastsett, jf. vedtektene § 7, pkt. 11.

§ 15 Tildeling av båtplass

Eigar av båtplass kan forlange at båtplassen følgjer med salet av bustad eller hytte som han/ho eig.

Medlem med båtplass kan også forlange at båtplassen skal overdragast til ektefelle /sambuar eller rette barn.

Ved død blir båtplass automatisk overdregen til ektefelle/sambuar som beheld den opptente ansienniteten til eigaren. Finns det ingen ektefelle/sambuar, kan båtplassen overdragast til barn som startar med null i ansiennitet den dagen dei overtar båtplassen og må melde seg inn i båtlaget og betale årskontingent.

Ved overdragelse vil eigar få nullstilt sin ansiennitet i forhold til ny tildeling av ledig båtplass.
Ny eigar startar med null i ansiennitet den dagen dei kjøper bustad/hytte med båtplass og må melde seg inni båtlaget. Deretter har medlemmane av båtlaget første rett ved tildeling av båtplass og då etter den ansiennitet dei har i båtlaget.

Ved avslutning av medlemskapen i båtlaget, vert ansiennitetstida nullstilt. Ved ny innmelding av tidlegare medlem vil ansienniteten starte på null. Tildeling av båtplass fører til pliktig medlemskap i båtlaget frå same dato og årskontingent må betalast.

Prioriteringsliste tildeling av båtplass:

1. prioritet Det skal takast særskilt omsyn til funksjonshemma, dette etter fråsegn frå fastlege.
2. prioritet Betalande medlemmar som ikkje har fått tildelt båtplass frå før.
3. prioritet Plassen skal tilbydast medlemmar som ynskjer å byte båtplass.
4. prioritet Medlemmar som er avhengige av båt til og frå arbeid. Kor stor fortrinnsrett dei skal få, avgjer styret i kvart enkelt tilfelle. Partane i slike saker kan anke styret si avgjerd inn for årsmøtet.
Årsmøtet si avgjerd er endeleg.

5. prioritet Medlemmane som har ein båtplass frå før, får tilbod om å overdra sin andre båtplass etter ansiennitetslista.


Ved overtaking av båtplass må den nye overtakinga vere gjort innan 1 månad etter at styret har mottatt at ein overtaking skal skje. Båtlaget har ikkje plikt til å overta båtplassar. Overdraging skal vere i hen hold til det årsmøte har fastsett jf. Vedtektene §7, pkt. 11.


§ 16 Framleige av båtplass

Framleige av båtplass er tillate. Nest etter ektefelle/registrert sambuar og born av medlem med båtplass, har medlemmane av båtlaget første rett til å få leige båtplass.

Dette etter prioriteringslista § 15. Når det gjeld utleige satsar, skal dei vere slik årsmøtet har fastsett jf. vedtektene § 7, pkt. 12. Ved utleige av båtplassar har leigetakar/utleier 30 dagars oppseiingsfrist.


§ 17 Oppløysning

Oppløysing av båtlaget kan berre skje ved vedtak på ordinært årsmøte etter at saka har vore utsend til medlemmane saman med innkallinga. Vedtak om oppløysning må ha 2/3 fleirtal. Reversering
av opplysningsavgjerd krev berre vanleg fleirtal.

Ved oppløysing skal det, i samsvar med vedtektene sine reglar om styre, veljast eit avviklingsstyre. Dette har ansvaret for laget si drift og tarv fram til endeleg avvikling finn stad, her under den praktiske likvidasjonen av laget. Vedtektene skal på same vis nyttast under avviklinga.

Båtlaget sine eigedelar og rettar skal overførast eller fordelast mellom eitt eller fleire lokale lag med same eller liknande føremål, til bruk ved oppnåing av slike føremål, etter årsmøtet sine avgjerder. Er det ved oppløysinga ingen slik aktuell eller viljug mottakar, skal laget sine eigedelar tilførast same eller liknande føremål etter nærmare avgjerd av KNBF.

Laget sine eigedelar eller rettar kan ikkje i noko høve tilfalle eller utdelast til båtlagsmedlemmar eller andre einskildpersonar.

Skulle det oppstå tvil eller uklårleik omkring forståinga av desse vedtektene, skal den forståinga som KNBF legg til grunn vere avgjerande.

§ 18 Personvern.

Sørbøvåg Båtlag registrerer følgjande personopplysningar om sine medlemmar:
Namn, adresse, mobilnummer, e-post-adresse, kontonummer og båtplass.
Sørbøvåg båtlag bruker e-post-adresser til å sende medlemmar informasjon. Medlemmar sine mail-adresser vert sett i blindkopi pga. personvern.

Eigar sitt namn av båtplass finns på Sørbøvåg båtlags opplysningstavle i hamna og på heimesida.
https://www.6958baatlag.com/


Dersom det ikkje er ønskjeleg at person-opplysningar vert delte, må dette meldast skriftleg til Sørbøvåg Båtlag på mail adresse: 6958baatlag@gmail.com